God PR for distriktsbutikkane

«Handle lokalt»-kampanjen skapte stort engasjement på mange distriktsbutikkar. Mange lokalaviser tok utfordringa med å besøke nærbutikken for å lage reportasjar. Dette har gitt veldig mykje god PR for lokal handel og lokale butikkar.

«Brenn for nærbutikken», «S-laget er limet i bygda», «Fest for drivstoff og butikk», «Bygdefolket støtter nærbutikken». Dette er nokre av titlane som har stått på trykk i avisene i samband med Handle lokalt-kampanjen.

Engasjerte kjøpmenn har tatt kontakt med lokalavisene sine og invitert dei til å kome på butikken for å snakke med kundane om kva nærbutikken betyr for lokalsamfunnet. Mange aviser har reagert positivt på utfordringa og laga gode reportasjar med fokus på lokal handel.

– Vi er veldig godt fornøgde med responsen i media.  Mange aviser er opptekne av framtida for lokale butikkar. Engasjerte kjøpmenn og engasjerte bygdefolk er godt stoff for lokalavisene, seier kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Engasjerte kundar

Avis-oppslaga vitnar om at bygdefolk er opptatt av butikkane sine, både som salstad for daglegvarer og som sosial møtestad:

– Eg brukar nærbutikken heilt bevisst og køyrer forbi andre butikkar for å handle her, seier Gunnvald Bøe som er mellom stamkundane på Bøfjord samvirkelag i Surnadal.

– Kaffikroken på butikken er vår form for Facebook. Her snakkar vi om alt og ingenting, og får med oss det som har skjedd i bygda den siste veka, seier ein av kundane på Nærbutikken på Verrastranda.

LES MEIR:

Andøyposten: – Bygdefolket støtter nærbutikken

Driva:  -S-laget er limet i bygda

Fjordingen: Brenn for nærbutikken

Strilen: Lokalhandling over heile landet

Fleire kjøpmenn som har blitt intervjua, fortel at det har vore mange tøffe tak for å halde liv i siste-butikkane i små bygder. Marginane er små og utfordringane er store.

– Du må brenne for at det skal vere butikk i bygda. Du må ha trua på det som du driv med, seier Gunn Sørum som driv Nærbutikken Buda i Hjelledalen i Stryn.

Støtte frå redaktørar

Fleire aviser har også nytta høvet til å skrive om lokalbutikken på leiarplass. Avisene støttar aktivt opp om formålet med haldnings-kampanjen:

– Vi oppfordrar folk til å bruke nærbutikken. Eigarar og drivarar av landhandlar fortener stor ros for at dei brukar tid og pengar på å halde bygdesamfunna samla. Styresmaktene må verdsette meir den viktige jobben som butikkeigarane i distrikta gjer, skriv Åndalsnes Avis.

– Nærbutikken er like viktig som skule og barnehage. Vi sluttar oss til oppfordringa: Bruk nærbutikken din, skriv Lokalavisa for Verran og Namdalseid.

Verdifull PR

Bygdekvinnelaget har engasjert seg aktivt i kampanjen for lokal handel. Gjøra bygdekvinnelag er mellom dei som har skrive avis-innlegg om butikkane:

– Vi vil at alle skal handle mest mogleg av matinnkjøpa på nærbutikken. Då blir det mogleg å halde oppe eit breitt utval. Vi meier at det beste du kan gjere for å halde oppe nærbutikken, er å bruke den, skriv bygdekvinnene.

Nokre butikkar har også hatt besøk av ordføraren, som har fått klar melding om kor avgjerande butikken er for bygdas framtid.

– Det er viktig for Merkur å skape engasjement i lokalsamfunnet omkring distrikts-butikkane. Men det er også viktig at butikkane blir synlege i medie-biletet. Handle lokalt-kampanjen gjev butikkane mykje god PR. Det er med på å skape entusiasme og stoltheit både hos kjøpmennene og i bygda. Det er gull verdt i arbeidet for levande bygdesamfunn, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet.

Related Posts

Ingen treff.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.
You need to agree with the terms to proceed