Gjev opplevingar som takk til lokalsamfunnet
Over 100 personar var innom Hellesøy Landhandel då butikken markerte aksjonen «Handle lokalt – velg nærbutikken» med eige lokalmat-telt.
Det var paviljongen som redda oss i det dårlege vêret og bidrog til at det vart ein triveleg laurdag for oss og kundane. Eg var positivt overraska over at så mange møtte opp, seier dagleg leiar Gunta Venge i Hellesøy Landhandel.
Sist laurdag markerte lokalbutikken den nasjonale aksjonsdagen med arrangement i og utanfor butikken, der dei hadde ein paviljong med lokalmat frå ulike leverandørar.
– Matservering med smaksprøvar under teltduken var ein suksess. Me har eit flott samarbeid med ein spesialgrossist, som har knytt til seg mange lokalmatleverandørar. Det var mange som tok seg tid til å smaka på maten, seier Venge.
Vårt mål er at landhandelen skal vera hjarta i hellesøysamfunnet
Poenget med kampanjedagen er å skapa medvit kring kor viktig det er å faktisk bruka nærbutikken, viss folk i mindre lokalsamfunn ønskjer å ha eit slikt tilbod. Den daglege leiaren er godt nøgd med oppslutninga kring Hellesøy Landhandel, men ser potensiale for fleire kundar.
– Sidan me starta som Hellesøy Landhandel i 2013 har me hatt ein fin vekst, men den kjem ikkje av seg sjølv. Me legg vekt på god kvalitet og service, i tillegg har me ein del stunt med aksjonar som denne, seier Gunta Venge.
Nærbutikken har fått ei stadig meir sentral rolle i mange lokalsamfunn, etterkvart som posten, skulen og andre offentlege tilbod vert sentralisert. Laurdag møtte også ordførar Børge Haugetun (TVØ) opp og tok seg god tid til å prata med folk.
Vårt mål er at landhandelen skal vera hjarta i hellesøysamfunnet. Eg håpar at dei som var innom første gong laurdag oppdaga eit godt utval til heilt greie prisar. Når folk handlar her vil me gjerne takka med små arrangement som dette. Me satsar på å gjere litt ekstra innimellom, neste gong vert oppunder jul, seier Venge.